Sudamericana

Søndag kveld er NyNorsk Messingkvintett tilbake på Vannvogna! På deres nye konsertforestilling for bandoneon spiller Per Arne Glorvigen – og Kjartan Fløgstad leser nye tekster.

 

Kjartan Fløgstad om samarbeidet med NyNorsk Messingkvintett og Per Arne Glorvigen:  

«Eit oppdrag eg ikkje visste at eg alltid hadde drøymt om å få.

Slik var den spontane reaksjonen då bandoneon-virtuosen Per Arne Glorvigen og dei framifrå musikarane i NyNorsk Messingkvintett spurde meg om tekst til eit musikalsk samarbeid med utgangspunkt i det latinske Amerika. Det var ei oppgåve som måtte romma politikken, den heroiske latinamerikanske kampen mot kolonistyre og utbytting, kopla til den like langvarige striden for sjølvstende og frigjering. For ein som fekk sitt politiske verdsbilde varig forma av reiser og opphald i Nord- og Søramerika var dette eit opplagt tema, frå kuppet i Chile i 1973, over dei samordna militærdiktatura på 1970- og 1980-talet, fram til statskuppet i Bolivia så seint som hausten 2019. På det statspolitiske planet vedvarer den folkerettstridige beleiringa med utsvelting av folket på Cuba og i Venezuela.

Eit anna tema er møtet mellom det latinske og det anglosaksiske Amerika på begge sider av Río Grande, på kryss og tvers av språklege skilje, fysiske murar og grensegjerde.

Sist men ikkje minst: både livsglede og politisk motstand har gitt seg uttrykk i ein sann rikdom av musikalske uttrykksformer. Tango og milonga ved Río de la Plata, samba i Brasil, Victor Jara og protestsongen i Chile, den andinske fløyta quena, dansemusikk som cumbia og vallenatos ved det karibiske havet, Pablo Milanés og den kubanske songdiktinga, meksikanske rancheros og blues frå grenseområda mellom Mexico og USA.

Eit hav av vellyd og minne å kasta seg ut i, frå konsert med Daniel Viglietti og Mario Benedetti på Estadio Centenario i Montevideo, boleros på kneipa El Cinzano i Valparaíso, den brennande tropiske trompeten ut over eit fullstappa dansegolv i Barranquilla, ”noche de boleros” i hagen til forfattarforeningas hus i Havana, Agustín Lara i Vera Cruz og dei gamle plateopptaka med den sjenerte bluesmannen Robert Johnson frå San Antonio, Texas. Alle desse, og mange til, spelar med i musikken og teksten til koparsongane for messing og bandoneon i Canciones de cobre.»

 

Kjartan Fløgstad

Billetter til forestillingen finner du her! 

 

Kommentarer

kommentarer