Er dette nøkkelmodellen til eit nytt Kulturkvartal?

Halden har eit stort potensiale som kulturby. Med eit mangfald av ulike initiativ, kulturuttrykk, engasjement og fantastiske lokaliteter har byen vist at det meste er mulig så lenge viljen er der. For eksempel husar byen to av fylkets store kulturinstitusjonar Det Norske Blåseenseblet (DNBE) og Opera Østfold. Eit privilegium få byar på vår størrelse kan skilte med her til lands.

Når no Halden Kulturråd igjen løftar fram Kulturkvartalet som ein felles møteplass for kulturlivet i byen, og kommunen sjølv spør om innspel om korleis dette kan løysast, er det ein ting som slår meg: Dette må me få til!

Ein modell eg syns må diskuterast og utredast, om det ikkje allereie er gjort i det stille, er at DNBE og Opera Østfold går inn som største leigetakarar i eit slik konsept. Gjerne i kvar sine hus. Eg trur at sjølve nøkkelen kan ligge her. Så vil alle små og store aktørar, proffar og amatørar, innanfor eit mangfold av uttrykk kunne være med i ein samarbeidsmodell om å drive dette. («Ingen nevt og ingen glemt!») Tanken min er ikkje å presentere ei løysing. Til det treng eg større kunnskap i eigarskapsstruktur og kva som er tenkt som utbedrignar i dagens bygningar. Snarare er eg ute etter å sjå det store bildet i eit slikt konsept, og den som kan bære det fram.

Eg kjenner til planar om nytt eit konserthus på Sørsida, samt rapporten til Ola M. Løkholm som konkluderer med at DNBE skal ta over drifta av Brygga kultursal. Kulturkvartal-modellen trur eg kan bli ein bedre veg framover.

Denne modellen vil kunne sikre stabile inntekter for kvartalet, samt nyttiggjere og samle all kompentanse som desse innehar. Samfundet, og storsalen der, har ein av dei beste akustiske forholda i byen, og historisk sus i tillegg. I sterk konstrast til Brygga kultursal der nærast alt av instrument må forsterkast og er aller best til rytmisk musikk (jmf Løkholm-rapporten). Samfundetsalen må vel være godt nok for eit akusitisk ensemble som spesialiserar seg i 1700-tals musikk? Eller kva meiner dei sjølv om dette? Eg har per i dag ikkje sett nokon offentlig uttalelse fra DNBE rundt Kulturkvartalet. Dessutan ligg det skinnande klenodiet Fredrikshalds teater eit steinkast unna, som kanskje passar endå betre inn i dette konseptet? Her kan ensemblet bygge eit unikt varemerke, både for fysiske og digitale konsertar som kan nå langt ut over grensa til Halden. Slik som konserten som vart vist på Hovedscenen på NRK 2 i vår. Strålande! Men det held ikkje med det eine gode tiltaket. Merkervare må byggast over tid. Og er ikkje desse historiske salane store nok, så står Brygga kultursal der om ein skal fylle salen med jule- og nyttårskonsertar. Og kva med samarbeid med Kulturskulen, eller lokale korps? Har DNBE vurdert dette?

Her kan Opera Østfold også melde seg på. Hå kulturskule (Rogaland) har eit eige talentprogram som heiter Ung Opera. Noko for Halden? Minner om at Hå kommune har rundt 18.000 innbyggarar, men Jæren og omladet har 300.000. Og det er her dei vender seg. Kvartalet kan også utviklast til prøvelokaler for solistar til hovedoppsetninga på Fredriksten, som no, etter det eg kjenner til, vert gjort i Oslo og/eller Lillestrøm. Kva med den nyoppussa Sparebanksalen, også kalt Black Box. Den kan vel også brukast til slikt? Og Kva med Operakafé i første etasjen på eit nyoppussa Samfundet?

Tenk om heile Haldenkulturen kunne samlast på ein stad i historiske unike bygningar, der møteromma, kantina og nærliggande kaféar var møteplass og grobotn for mangfald og samarbeid?

Her finst med andre ord ein gyllen mulighet som kan komme heile kulturlivet i Halden til gode! Er Opera Østfold og DNBE åpne for ein slik modell? Ser verkelg fram til å høyre kva de meiner!

Aasmund Rognøy-Kaldestad Kulturarbeidar og songar

Kommentarer

kommentarer